Mat - Drikke
 
Web www.norgeonline.info
Hjem  |   Om Oss   |   Kontakt oss   |   FAQ  |   Annonse  |   Bildesøk

 

Mitt paradis

 

Mitt paradis

Da eg var ti år eller noko liknande, drog eg, min familie, mi kusine og min onkel til Mallorca, ei øy som ligg utafor Spania. Ein annen familie skulle komme etter oss etter ei uke hadde gått. Eg hadde gleda meg lenge, både til å møte Hanna igjen, kusina mi frå Oslo, og til å dra på ferie. Da vi endeleg drog av sted til den sol fylte plassen, hadde eg nesten ikkje sove den natta. Eg hadde vore for spent. På flyplassen var det tamt. Klokka var jo tross alt bare 6 om morgonen. Men folk var det nokDet blei ein langdryg flytur, men da vi omsider kom fram, var alt helt perfekt! Sola skein, Mallorca lukta som det vanlegvis luktar der nede i sør; søtt og godt, og palmane sprada over oss, som kongar. Folket i gatene slentra rundt i bare badetøyet, og butikkane var i ferd med å stengje for sin daglige ”Siesta”. Butikkane, om man kan kalle dei små boda som stå langs vegen det, krydde av falske merkevarer, og billige kleiar. ”Kor herleg”, var det fyste eg tenkte da eg steig ut av det store, SAS-flyet eg hadde sitte i i cirka 3 timar, med sveitte, klamme folk.
Heime satt alle venene mine på skulebenken. Eg hadde tatt meg fri eit par dagar i farvegen, og fikk derfor lengre sommarferie enn dei andre. Eg må innrømme at eg hadde stor glede av det, og få mobbe alle dei andre. Det var sinnsjukt artig.
Etter nokre minuttar i drosje, var vi framme på hotellet, alle som ein. I mine auge var det praktfullt, et heilt herlig mur bygg med palmar svaiande rundt. I resepsjonen, var golvet steindekt, og mange skilt peikte ned mot bassenget. Det storslåtte bassenget. Vi barna blei heilt lamslått da vi såg det. Bassenget var delt i tre delar, eit vaksen basseng, kor det var bortimot seks meter djupt, og de vaksne øvde seg på å stupa. Det var ikkje aktuelt for oss da, sjølvsagt, eg og John, som ikkje eingang kunne symje! Men resten av bassenga kunne vi utan problem plaske rundt i. Det største av dei to andre var delt i to, av ei bru. Ei bru vi kunne symje under, springe over, henge oss fast i og masse meir. Det var også eit babybasseng, men det var vi jo sjølvsagt for store for, vi var jo tross alt sju, ti og elleve år.
Hotellrommet vårt var lite, men greitt. Det betydde jo ingenting, det var jo ikkje der vi skulle tilbringe tida vår, vi hadde planane klare vi, vi skulle bade, bade og bade. Og bade litt meir. Slik gjekk det også; vi brukte dagane ved bassenget, og såg kveldsshowet hotellet arrangerte kvar einaste kveld. Nokon gang var det magikarar, men andre gangar var det konkurransar og dans. Ein kveld i uka var det til og med ein klovn på besøk, til de mindre ungane. Det innebar jo sjølvsagt ikkje meg, Hanna og John, bare veslesystera mi, Emma, var entusiastisk til det. Vi syntes ho var barnslig.
Ein dag bestemde vi oss for å snike oss inn til nabohotellet. Du kan tro det var spennande og nervepirrande, men vi kom oss inn. Etter å ha klatra over gjerdet frå vårt hotell, noko som var utrolig unødvendig, sia vi faktisk kunne ha kome oss ut gjennom inngangen, og etter å ha klatra over deira gjerder, var vi på et ann hotell. Vi følte oss som krimnelle, men morosamt var det likevel. Det hotellet var absolutt ikkje like fint som vårast iallfall, det var sikkert. Inga hotell var det, fant vi ut etter å ha prøvd ut dei fleste i nærområdet, fleire av dei hadde til og med saltvatn i bassenget! Det svei i augo da vi kom tilbake til vårt hotell. Kven som lagar eit hotell med saltvatn i bassenga? Uansett, dette hadde vi mykje moro med seinare, men vi prøvde det ikkje igjen. Vi hadde da fått så vonde skrubbsår av gjerda deira.
De neste dagane konsentrerte eg og John oss om att Hanna skulle læra oss og symje, noe vi var utrolig dårlege på. Men etter fleire dagar i bassenget, med strenge instruksar av mitt eit år eldre søskenbarn, om å bevege både hender OG føter samtidleg, klarte vi det omsider. Eg kunne symje, det hadde vore eit mål lenge, men den som lærte meg det var Hanna. All ære til henne.
Eg bada visst nesten for mykje, da eg blei så solbrent at eg måtte bade med t-skjorte, men det stoppa meg ikkje nei! Flassa av, og så ut som ein rosa gris, men kven brydde seg? I alle fall ikkje eg!
Etter vi hadde vore der i ei uke, skulle familien Salberg komme og være i ei uke. Dei var i likskap med oss, ein familie på fem stykk. Barna het Kjersti, Snorre og Edvard, og dei var ganske jamn gamle med oss. Eg tru nok vi var litt redd for at vi ikkje skulle få det like artig som vi hadde hatt det hittil, men det fikk vi jo likevel. Enda ei uke venta oss, med mye latter og bading. Til og med litt shopping blei det jo. Eg huskar eg kjøpte meg ein bademadrass, i likskap med Hanna, og der låg vi da, midt på bassenget. Langflate.
Vi leika ”Digimon” under brua, minnast eg. Digimon, ein tv-serie kor eit slags dyr ”digimerer” seg, altså utviklar seg. Det var veldig artig, der vi hang i brua, og lata som vi ble større og fikk fleire kreftar. Vi lekte dette opptil fleire gang i løpet av ferien, og det var like morosamt kvar gang.
Da Hanna skulle dra, syntes eg det var veldig trist. Det er det jo alltid da ho drar, sjølvsagt, men dette var den artigaste ferien eg nokosinne hadde hatt, og det var på grunn av at ho var med, og gjorde alt så koseleg. Ho tok flyet heim frå Mallorca ein dag før oss og Salberg - familien, og eg huskar godt, rett før ho skulle dra, at vi begge kjøpte oss ein lik kvit melke - sjokolade, og satt på ein benk mens vi snakka om alt det herlige vi hadde gjort mens vi var her, og alle dei fine minna som vi har fått.
Men, ho måtte dra, og eg var igjen, saman med min familie og Kjersti og familien, og vi fikk da moro ut av den siste dagen også.
Det vanlige kveldsshowet, og massevis av livlig bading ble det likevel. Men, eg skal innrømme det, at eg sakna den eg hadde det mest moro med, Hanna. Og vi er begge einige den dag i dag, om at dette er den aller beste ferien vi har vore på.

Send oss en epost hvis du ønsker å kommentere teksten på denne siden.Send kommentaren til post@norgeonline.info. Dine kommentarer vil bli postet på denne siden.


 

 


©2006 norgeonline.info | NorgeOnline.info - Alternativ Internett Søkemotor | kontakt: post @norgeonline.info


reise 1 2 3 4 5 6 7 8 | bryllup 1 2 3 4 5 6 7 | bil 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | blomst 1 2 | lån 1 2 3 4 5 6 7 | musikk 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | juveler 1 2 3 4 5 6 7| bilder 1 2 | byer 1 2 |
Privacy policy
| | | | | | | | | | | |
| | | | | | | | |