”It` s hard to be a rock` n roller” er ein norsk dokumentarfilm om bandet Merkesteinane, som er eit band samansett av ti psykisk utviklingshemma sunnmøringar. Hovudpersonen i filmen, Tor Heine, har store planar om å bli soloartist, medan resten av bandet synest det er mykje viktigare å holde saman. I filmen får vi sjå konflikter, glede, entusiasme, samarbeid og mykje meir. Vi får ta del i øvingar, konsertar og reise til Kenya.
Gunhild Asting er produsent og regissør for denne fantastiske filmen. Asting høyrte frå lokale i Volda om bandet Merkesteinane. Ho skulle lage ei eksamensoppgåve på medielinja på Høgskulen i Volda i 2003, og kontakta leiaren i bandet, Øyvind Lied. Så var ho i gang.
”It’ s hard to be a rock` n roller” handlar om bandet Merkesteinane. I bandet er det store forskjellar mellom personane. Dei likar forskjellig musikk, har forskjellige draumar og forskjellige måtar å stikke seg fram på. Asting synest at det var viktig å vise at dei alle var ulike, på ein god måte.
Tor Heine og Arild som er med i bandet er gode venar, men kjem av og til opp i konfliktar. Som for eksempel når dei pratar om kva slags draumar dei har. Tor Heine slepp ikkje til i samtalen medan Arild snakkar seg vekk. Det var veldig morosamt, sjølv om vi på ein måte lo av og ikkje med dei.
På 40-års dagen til Tor Heine skjedde det mykje morosamt. Bandmedlemmen Knut Sigve var på besøk med Tor Heine. Tor likar rocka musikk, som han feira dagen med å høyre på. Det likte ikkje Knut Sigve så godt, for han likar salmar best. Han satt å tørka sveitte og såg på klokka opp til fleire gongar, medan Tor rocka huset. Utpå dagen fekk Tor eit bursdagskort som laga prompelydar. Dette var stor stas. Han opna kortet opp til fleire gongar, medan han nesten lo i hel.
Det var ”tilpassa” loddtrekking om kven som skulle få reise til Kenya. Det vart Tor Heine og Arild som fekk reise. Tor var veldig tøff i byrjinga, men fant ut at han var veldig sårbar. Det var det motsette med Arild. I Afrika opptredde dei og såg på afrikansk dans, det viste seg at Tor synest det var veldig kjekt. Dei besøkte også ein barneheim, da kom mange kjensler fram. Tor Heine vart veldig lei seg av å sjå dei foreldrelause barna, og dette var veldig rørande.
”It` s hard to b a rock` n roller” er ein artig og lærerik film som passar for dei fleste. Det var vanskeleg å vite når ein kunne le. Men likevel var filmen, morosam, rørande og
sjarmerande.
|