Mat - Drikke
 
Web www.norgeonline.info
Hjem  |   Om Oss   |   Kontakt oss   |   FAQ  |   Annonse  |   Bildesøk

 

Ein vårdag i mai

 

 

Novelle Norsk - Av Therese

Ein vårdag i mai

Korleis kunne eg vere så dum? Kvifor følte eg ikkje meir med på dei historiene som sirkla rundt overalt, kvifor såg eg ikkje fleire nyheitar på fjernsynet, kvifor las eg ikkje avisa godt nok om morgonane? Då hadde ingenting av dette skjedd. Det skulle eg så gjerne ønskja. No klarer eg ikkje ein gong å gå utanfor huset utan å sjå meg rundt, og får panikk om ein framand person kjem i nærleiken av meg. Eg klarar ikkje å gå åleine ute på gata eller å kjøpesenter. Sjølv det å vere heime åleine er fælt. Eg må ha lys i kvart rom, og mykje lyd. Fjernsyn, radio, cd-spelarar og slikt må stå på. Eg taklar ikkje lenger å vere i eit stille hus, for då høyrer eg lyder av knirkande dører som opnar seg, og snikande skritt som kjem for å ta meg..

Torsdagskveld. Lyst og koselig ute. Månaden var mai, og veret var varmt og fint, slik det pleier å vere på denne tida av året. Eg hadde nett vore ute med nokon vennar, og kom no heim til tomt hus. Ikkje det at det gjorde meg noko. Eg låste opp døra, og steig inn. Inne var det mørkt og stille, det var verken lys eller lyd her inne. Eg skunda meg å setje på litt musikk, slik at eg ikkje kunne innbille meg at det var nokon eller noko i huset som ikkje skulle vere der. Som alle veit, er det mykje enklare å innbille seg skumle ting når ein er åleine og det er stille, enn når det er bråkete og fleire folk. Men sjølv om eg hadde lett for å innbille meg ting, har eg aldri vore særlig skremt. Tenkte aldri over at noko kunne skje med meg, sjølv om det kunne skje med andre. Ein les stadig om visse ting i aviser og liknande, og ein sender ein venleg tanke til dei som var så uheldige å oppleve noko fælt akkurat denne dagen. Men at noko kunne skje med ein sjølv, det er det aldri nokon som trur. Men denne dagen då eg kom heim, hadde eg ein føling av at ikkje alt var som det skulle. Ikkje spør meg kva det kom av, eller korleis eg kunne vete noko slikt. Men eg hugsar det gjekk kaldt nedover ryggen på meg, sjølv om det var varmt ute, og ikkje noko kjøligare inne. Det kjendes som om nokon såg på meg. Nokon som ikkje skulle vere i nærleiken av meg i det heile tatt.

Då eg var tolv, fekk eg meg datamaskin. Eg vart glad, for eg prøvde lenge å overtale foreldra mine om at eg burde få ei. Eg må innrømma at eg blei ganske overraska då dei plutselig kom heim og sa at no hadde dei kjøpt ei til meg. Eg skulle til og med på internett på rommet. Eg hugsar eg ivra etter å komme i gong og bruke maskina. Vel, eg byrja å sitje på mange forskjellige chatterom og slikt, og fekk meg msn. Eg la til folk på msn, slik at eg kunne prate med dei der. Innerst inne, trur eg at eg visste at eg ikkje burde legge meg sjølv ut på nettet slik eg gjorde. Men, når ein ikkje er så stor, så tenkjer ein ikkje over det. Ein er mykje mindre bekymra når ein er liten, enn når ein er vaksen. Som så mange andre på min alder, fekk eg ein venn eg verkeleg blei kjent med. Eg byrja og lika ho meir og meir, og fortalde ho mykje om meg sjølv som eg ikkje ville fortalt andre. Eg fortalte ho kvar eg budde, kva skule eg gjekk på, og alt ein absolutt ikkje bør fortelje nokon ein ikkje kjenner. Den varme maidagen då eg kom heim, og hadde følelsen av at noko ikkje var som de skulle, gjekk eg inn i stova, redd for kva eg ville få sjå der. Ingenting. Eg gjekk så vidare ut i gongen, og der var det som fekk meg til å bli redd. Ytterdøra var open. Eg var heilt sikker på at eg hadde lukka den då eg kom heim. Kanskje var det berre mamma eller pappa som hadde blitt tidligare ferdig enn dei rekna med. Men eg visste at det ikkje var nokon av dei. Eg lukka døra, og skunda meg bort til stereoanlegget som sto i stova. Queen sin ”break free” var songen som blei spelt av på radioen då. Eg skrudde volumet ned, og spissa øyrene mine for å høyre om det var nokon andre i huset. Ikkje ein einaste lyd kunne eg høyre, bortsett frå den lave stemma til vokalisten i Queen. Eg roa meg litt ned, og skrudde volumet oppatt. Men plutselig stivna eg. Eg høyrde det knirke i døra inn til kjøkkenet, rett bak meg. ”Hallo..?” spurde eg lavt og skjelvande. Så kom lyden av skritt mot meg, ikkje spesielt truande i seg sjølv, men skremmande nok for meg. Eg snudde meg halvt om, men blei stoppa av ei sterk hand før eg hadde fått snudd meg nok til å sjå personen. Denne personen pusta hardt i nakken på meg, og eg fekk tårer i auga. Det var vel ein kombinasjon av både det at grepet om handa mi var hardt, og det at eg ikkje hadde ein aning om kven denne personen kunne vere, og ingen aning om kva som kunne komme til å skje vidare.

Eg kan ikkje heilt klart hugse kva som skjedde vidare. Mannen som haldt handa mi kviskra meg i øyra at eg var søtare enn han hadde trudd ut i frå bilda som han hadde sett. Eg kunne ikkje skjønne kva han meinte med det. Han fortsette å kviskre at han hadde ville treffe meg heilt sidan han hadde byrja å prate med meg på nettet. Då trefte tanken meg. Kunne han vere ein av dei eg hadde prata med på eit chatterom? Men, eg hadde då aldri snakka med ein som var såpass eldre enn meg. Og eg hadde då ikkje sendt nokon bilde te nokon av dei so eg berre snakka med der. ”Hehe, eg kan sjå at du lurer på kvar du skulle ha snakka med meg før. Nei, kven vil tru at ei tolv år gammal jente skulle vere ein vaksen mann?” sa han med eit glis. Eg kunne framleis ikkje skjønne kva han meinte. ”Seier ikkje namnet Hilde deg noko?” spurde han, og eg kunne høyre på stemma hans at han fryda seg over at eg ikkje ante noko om kven han var. Men då han sa Hilde, stivna eg. Han kunne då ikkje vere Hilde? Eg hadde prata med ho om så mykje forskjellig, og ho hadde alltid så mykje å sei! Mykje som var interessant for ei tolv år gammal jente. Ting som unge jenter likar å snakke om, som ikkje eldre menn skulle ha nokon interesse for å prate om.

Sjølv om eg klarar ganske så godt å hugse det som skjedde, og korleis eg følte meg då den mannen braut seg inn i huset vårt, klarar eg ikkje å hugse alle detaljane. Eg kan ikkje hugse korleis mannen såg ut, noko som igjen resulterer i at nesten alle fremmede er litt skumle, og då ikkje berre menn, men også kvinner. Det må nok ha noko å gjera med at den dagen blei min respekt for personar eg ikkje kjenner øydelagd. Eg har, for å sei det slik, ikkje blitt kjent med mange nye folk etter den hendinga. Denne hendinga skjedde vel ca 1 år etter at eg hadde byrja å prata med Hilde på nettet, og no er det jo over 1 år sidan sjølve kidnappinga hende. Men enda har ikkje såra grodd. Og det kjem dei aldri til å gjere. Eg kjem aldri til å vere den same personen i framtida, som eg var før denne mannen kom inn huset mitt og trua meg. Det er jo ikkje så ofte ein blir kidnappa. Då han tok meg med ut, heile tida i eit fast grep, hugsar eg at det einaste eg ville var at nokon eg kjente kom til å sjå oss, eller at eg på ein eller annan måte skulle klare å få gitt beskjed om kva som var skjedd. Men då me kom ut på gata, var det ingen der. Det var heilt tomt. Ikkje ein gong naboens katt var ute på tur. Langt borte gjødde ein hund, og eg kunne høyre ein svær lastebil kjøre på motorvegen. Smerta gnog gjennom armen min då han skifta grep for å betre kunne halde styr på meg, og passe på at eg ikkje rømte min veg. ”Eg har store planar for deg, Marianne,” kviskra han i øyret mitt. Eg klarte ikkje å halde inne hulkinga som truga med å sprengje opp gjennom halsen. Han lo, ein forferdelig latter. Den minna nesten litt om ein slik latter som skurkane har i filmar, som ein slik skurk som nettopp har lagt fram sine planer om å sprenge heile verda i fillebitar, og helten av filmen vil ikkje ha ein einaste liten sjanse for å klare å stoppe han.

Men livet er ikkje som på film. Det kjem aldri ein helt ridande på ein kvit hest i solnedgangen for og redda deg ut av kva slags knipe du no ein gong skulle klare å rote deg inn i. Det ville ikkje komme ein prins for å redde meg frå denne mannen her, den onde skurken ville klare å ta meg med, og eg ville tapt. Ok, kanskje ikkje så gale da, men skurken i mitt vonde eventyr, som ikkje såg ut til å kunne reddast til å få ein god slutt, traska fort i vei med meg på slep. Enda hadde me ikkje møtt på nokon. Greitt, eg bur ikkje i det største nabolaget i byen, men det var då nokon hus her, og dei var ikkje forlate og aude. Men, der! Eg såg ein bevegelse. Det rasla i nokon greiner frå eit av grantrea som sto i ytterkanten av skogen ikkje meir enn hundre meter i frå der me gjekk. Mannen som trakk meg etter seg såg ikkje ut til å merke at det kom nokon og eg ba om at han ikkje måtte merke det før det var for seint. I tillegg håpte eg sterkt på at denne personen som kom ut i frå skogen, var ein vaksen person, og ikkje berre eit lite barn. Barnet kunne nok springe etter hjelp, men innan den tid ville det vere for seint, og mannen ville ha slept meg vidare til kvar hen me skulle. Der! Ein høg person jogga roleg ut på stien. Eg hylte ut ”Hjelp meg, denne mannen prøver å kidnappe meg!” Mannen som hald meg fast, rykka til, og det var akkurat nok til at eg klarte å vri meg ut av det harde grepet hans. Han snerra, og svinga armen ut for å dra meg tilbake, men han klarte ikkje å nå armen. I forsøket hadde han så stor fart at han falt til bakken, og då klarte han å lange ein arm ut og dro tak i det eine beinet mitt. Eg falt så lang eg var, med ein veldig smerte i det venstre beinet, det han hadde klart å få tak i.

Her i frå gjekk alt så fort. Den unge guten som hadde vore på ein så fredelig joggetur, var heilt fortumla, men klarte å fiske opp mobilen og ringe politiet. Mannen som prøvde å kidnappe meg, forsto at løpet var kjørt for å klare det, men prøvde i staden for å finne ein rømingsmåte. Men før han klarte det, kom det fleire folk til staden. Folk i det næraste huset hadde hørt ropet mitt, og skriket mitt då eg falt, og kom strøymande til. Men eg klarte ikkje å gjere noko anna enn å berre ligge der. Eg kjente smerta som jog gjennom beinet, men klarte rett og slett ikkje å røre på meg. Eg hadde ikkje tanke på anna enn om eg var fri att no. Mannen som kom til huset mitt, han var ikkje den einaste personen i nærleiken lenger? Eg ville ikkje plutselig kjenne handa hans som greip om mi, for å slepe meg inn i skogen, eller noko sant? Eg kunne eigentleg ikkje fatte det. Alt hadde skjedd på så kort tid, fyrst kunne eg ikkje tru at nokon ville kidnappe meg, og no skjønte eg ikkje at alt var over. Då eg seinare satt i politibilen, og skulle forklare kva som hadde skjedd, var det så vidt eg klarte å få orda ut. Tårene berre rant ut av meg, det var ikkje mogeleg å stoppa dei.

Politiet kjørte meg til legevakta, og dei sjekka foten min. Eg hadde knokke eit bein, men det var ikkje så alvorleg, det ville ikkje ta så veldig lang tid før det ville gro. Måtte jo ha bandasje på då, men ikkje slik venninna mi måtte. Ho knakk ikkje berre eit, men tre bein i ankelen, og det tok lang tid før ho kunne gå normalt med den foten igjen. Resten av kvelden blei tilbragt på politistasjonen, der dei ville prate med meg om kva som hadde skjedd, og korleis eg hadde blitt kjent med denne mannen. Men eg hadde jo ikkje blitt kjent med denne mannen, eg hadde blitt kjent med ei fantasijente! Det fekk meg ikkje til å føle meg så bra. Ho som eg trudde hadde vore ei snill og god jente, viste seg å vere ein gammal gris som hadde tenkt å bortføre meg. Den einaste fysiske skaden eg hadde fått, var brote i foten min. Men skadane som eg fekk på innsida, det at eg no ville ha problem med å stole på folk igjen, og at eg for lang tid ikkje ville klare å vere åleine særlig lenge, det er framleis eit problem. Og det kjem aldri til å ordne seg.

Send oss en epost hvis du ønsker å kommentere teksten på denne siden.Send kommentaren til post@norgeonline.info. Dine kommentarer vil bli postet på denne siden.


 

 


©2006 norgeonline.info | NorgeOnline.info - Alternativ Internett Søkemotor | kontakt: post @norgeonline.info


reise 1 2 3 4 5 6 7 8 | bryllup 1 2 3 4 5 6 7 | bil 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | blomst 1 2 | lån 1 2 3 4 5 6 7 | musikk 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | juveler 1 2 3 4 5 6 7| bilder 1 2 | byer 1 2 |
Privacy policy
| | | | | | | | | | | |
| | | | | | | | |