Mat - Drikke
 
Web www.norgeonline.info
Hjem  |   Om Oss   |   Kontakt oss   |   FAQ  |   Annonse  |   Bildesøk

 

Heim

 

 

Heim - Av Hanne Alvilde Olsen

Ho stod der aleine. Så langt mot kanten av stupet som mogleg. Lyden av dei mektige bølgjene som slo mot fjellblokkene nedanfor gav henne ei rusande kjensle av fridom. Den iskalde ettermiddagsvinden slo mot henne, og kulda beit henne i andletet. Sola hadde nett gått ned bakom dei framleis snøkledde fjella, og mørke skyer smelta saman i synsranda. Ho speida ut over det koboltblå havet. Det byrja bli verkeleg kaldt. Ho drog ullkåpa tettare om seg. Ei erindring som var sokke djupt ned i undermedvitet var i ferd med å bryte overflata, men kvar gong det nærma seg, blei det drege ned att i mørket.
Ho hadde alltid kome dit i hennar tidlegare barndom. Ein svært spesiell stad. Ein gledens stad. Ein sorgens stad. Ein stad for ettertanke. Ho hadde budd der, i den vesle bygda ytst på Lofotarmen til ho var åtte år gammal. Det var også der ho kom til å ende sine dagar. Ho stakk foten prøvande utanfor kanten. Havet verka ikkje kaldt eller skremmande, berre mektig og forlokkande. “Kom ned, kjære. Kom ned til oss”, ropte det. Ho såg for seg heimen sin der nede. Den staden som skulle sluke henne og fylle tomrommet i ho. Ho gjekk tilbake eit steg og sette seg på kanten. Den bleike huda hennar lyste i eit sjukeleg, blåleg skjær. Dei tomme, nesten svarte augo hennar stirte ned på fjellblokkene. Havet skumme utålmodig og sende bølgjene endå kraftigare mot bergveggen. “Skund deg, kjære. Vi ventar på deg.” Ho folda dei små, kalde hendene sine i fanget og ba ein stille bøn. Mørket hadde snart lagt seg over landet, og vinden kviskra hissig: “Kom heim, kjære. Kom heim.” Ho visste kva som venta ho. Ho gjorde seg klar til å bli eitt med havet. Ho let att augo og strekte armane opp mot himmelen.
Då skjedde det forunderlege. Eit lys openberra seg framfor augo hennar. Det kom mot ho og spreidde seg i kroppen. Sjølv om det berre var lyset frå det gamle fyrtårnet, var det det vakraste ho nokon gong hadde sett. Ho lo høgt og plutseleg, og snudde seg rundt for å sjå om nokon hadde sett det samme. Eit ungt par gjekk hand i hand nedover grusvegen i uveret. Dei stoppa opp og smilte då dei såg den merkelege dama som stod der aleine og lo.
Då dei hadde gått, snudde ho ryggen til kanten av stupet, og gjekk bort med ein løyndomsfull smil. Det var ein verkeleg vakker kveld.

 



Send oss en epost hvis du ønsker å kommentere teksten på denne siden.Send kommentaren til post@norgeonline.info. Dine kommentarer vil bli postet på denne siden.


 

 


©2006 norgeonline.info | NorgeOnline.info - Alternativ Internett Søkemotor | kontakt: post @norgeonline.info


reise 1 2 3 4 5 6 7 8 | bryllup 1 2 3 4 5 6 7 | bil 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | blomst 1 2 | lån 1 2 3 4 5 6 7 | musikk 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | juveler 1 2 3 4 5 6 7| bilder 1 2 | byer 1 2 |
Privacy policy
| | | | | | | | | | | |
| | | | | | | | |