Lene er 15 år og går i 9.klasse. Ho bur med mamma og pappa i Oslo.
Det er sommarferie og Lene har gleda seg mykje til det, ho og vennegjengen han nemleg planlagt ein tur. Berre gjengen, utan vaksne. Dei har tenkt å reise over grensa til Sverige, på tivoli og på shopping!
Men så, kjem sjokk meldinga frå mamma og pappa:
”Vi skal flytte”, seier pappa plutseleg.
Lene skjer grimasar og trur ikkje heilt på det pappa seier.
”Nei? Det trur eg ikkje på!” ,seier Lene.
”Det er sant, pappa har fått jobb ute på landet og vi skal flytte dit, om 3 dagar”, seier mamma.
”3 dagar?! Men eg skal jo på tur med gjengen og eg skal slett ikkje flytte herifrå!”, seier Lene. No er ho både sint og irritert.
”Det blir som vi har sagt, vi flytar om 3 dagar. Du har 2 dagar att til å vere med gjengen og til å pakke”, seier mamma og går ut i hagen.
Lene spring opp på rommet sitt og legg seg på senga. Skal dei verkeleg flytte?! Tvinge ho til å flytte og av alle stader - utpå landet! Nei, det kan ikkje vere sant!
Men, sant er det og slik blir det.
Lene bruka dei 2 neste dagane til å vere ute med gjengen, det var tungt å fortelje dei andre at ho skulle flytte og dei vart einige om å halde kontakta. Dei var på ”Peppes” og hadde skikkeleg avskjedsfest for ho, ho syntest det var så gøy, men samtidig veldig trist.
”Er du ferdig å pakke, Lene? ”, spør mamma.
Lene sit på romet sitt med alle tinga sine i pappesker.
”Ja, eg er ferdig, kan du kome å hjelpe med å bære dei ned? ”, svara Lene.
”Ja, men vi må skunde oss! Flytte bilen kjem straks”, sa mamma.
1 time etterpå sit Lene i bilen, pappa køyrer og mamma sit på sida av han. Lene sit åleine i baksetet. Ho sit å tenkjer: ”Så kjedelig å flytte ut på landet! Ingen ting å gjere, slik som her i byen. Eg kjenner ingen og landet er berre så kjedelig! Tenk om eg ikkje får noen vener? Og no reiser gjengen til Sverige utan meg, dette er så urettferdig. Kva skal eg finne på i heile ferien når det ikkje er noen å vere med?”.
Der dei skal bu var visst ikkje så ille som Lene hadde førestilt seg, dei skal bu i eit kvitt hus, midt i eit byggje felt. Sentrum var ein bensinstasjon, ein matvarebutikk og ein bank. Ikkje akkurat som Oslo-sentrum, men ikkje heilt øyde heller.
”Her er det jo flott!” ,seier mamma og smiler.
”Ja, synast du ikkje det, Lene?”, spør pappa.
”Joda, sikkert. Men eg vil helst tilbake viss eg kan velje”, svarer Lene.
Lene får eit eige rom, ganske stort, ho håpar at det blir fint, når ho berre får inn senga og tinga sine. Men Lene saknar allereie Oslo og vennegjengen, så ho sender melding til Tina, ei i gjengen: ”Hei alle saman! No er eg komen fram til det nye huset. Har fått nytt rom, ganske stort. Saknar dykk alle! Klem frå Lene”. Ikkje lenge etterpå får ho svar tilbake: ”Hei Lene! Kult, vi saknar deg også kjempe mykje. Vi reiser til Sverige i morgon! Klem frå gjengen”.
På kvelden ligg Lene å tenkjer på kva ho skal finne på neste dag, om det er noe å gjere i det heile tatt.
Lene vaknar av at fuglane syng, det har ho aldri høyrt før. I byen vaknar ho alltid av bilane som tutar. Lene kler på seg og går ned på kjøkkenet, der sit mamma og pappa allereie.
”God morgon, Lene. Har du sove godt, eller?”, seier pappa og kikkar opp frå avisa.
”Ja, men det var rart å vakne til fuglar som kvitra i staden for at bilane tutar, slik dei gjer i Oslo!”, seier Lene.
Etter ho har ete tek ho seg ein tur ut, det er ikkje langt til sentrum og ho veit vegen, sidan dei kjørte der då dei kom i går kveld. Medan ho går langs byggjefeltet ser ho ein gut på sykkel. Han har brun halvlangt hår, slitte dongeri bukser, hettegenser og eigentleg ganske kjekk, synast Lene. Han smilar til henne då han syklar forbi og ho smilar tilbake.
Då ho kjem lenger ned i sentrum ser ho ein gjeng ungdomar stå utanfor bensinstasjonen. Lene begynner å gå bortover mot bensinstasjonen og så får gjengen med ungdomar auge på henne. Ei av jentene, ho har lyst langt hår og kjem bortover mot Lene.
”Hei, eg er Thea. Er du ho nye jenta som nett har flytta hit?”, seier ho og smilar.
”Ja, eg kom hit i går kveld. Eg heiter forresten Lene”, svarar Lene.
”Hei, alle saman!” ,ropar Thea til dei andre som står eit stykke bortan for, og dei begynner å gå bortover dit Lene står.
”Dette er Lene, den nye jenta som nett har flytta hit”, seier Thea til dei andre.
Heile gjengen visar seg og vere ein fin og hyggeleg gjeng, men dei fortel at dei er ein til, han heiter Alexander. Lene spør om han hadde sykkel, brunt halvlangt hår, slitte dongeri bukser og hettegenser. Og det visar stemme.
”Korleis visste du det? ,spør Thea.
”Eg trur eg møtte han i stad når eg gjekk bortover hit”, svara Lene.
”Ok, det var nok han du såg då ja!” ,svara Thea.
Dagane gjekk så fort at Lene nesten ikkje klarte å henge med, ho var ute med gjengen heile dagen, dei var på stranda, med bensinstasjonen og bare hadde det gøy. I morgon skulle dei på stranda att og Lene hadde begynt å få følelsar for Alexander, eller Alex som dei kalla han. Lene tenkte på korleis det ville bli på stranda, skulle ho seie til Alex at ho lika han? Ho syntest han hadde flørta ganske mykje med henne i det siste. Plutseleg kom det ei melding på mobilen, Lene opna den og det stod: ”Hei! Blir du med ut til sentrum ein tur, berre meg og deg. Dei andre veit ikkje noe, eg vil berre snakke litt med deg! Er du med? AlexJ ”.
Lena blei litt varm då ho leste meldinga, og sendte tilbake: ”Eg er med, møtast i det faste krysset utanfor huset ditt no med ein gong? Lene”. Det tok ikkje lang tid før det peip i mobilen att og Lene somla ikkje akkurat med å opne han. ”Ok, AlexJ”, stod det.
Lene gjekk langs vegen, kva er det Alex vil fortelje? Var det no ho skulle seie til han at ho likar han? Eller burde ho kanskje vente?
Då ho kom til krysset stod Alex der allereie, han smilte då ho kom nærmare.
”Hei, eg ville berre treffe deg. Det er liksom så stressande når alle dei andre er her også”, sa han.
”Skjønar kva du meiner. Skal vi gå?” ,sa Lene og smilte. Ho begynte å gå og Alex kom opp på sida av ho.
”Eg ville fortelje deg at eg synast mykje om deg, Lene. Du har sikkert merka det, eg er ikkje så flink til å leggje skjul på slikt”, sa han og begynte å le.
Lene kjende ho blei heilt varm då han sa det og ho begynte å smile, ho trudde han skjønte det og tok handa hennar. Lene begynte å skjelve, tok han verkeleg handa mi?
Men ho torde ikkje skjekke, det blei for dumt. Ho berre klemte handa og ja, handa hans var der. Det var godt, Lene lika det. Dei berre gjekk, sa ingenting, det var ikkje nødvendig.
Dagen på stranda blei heilt utruleg, kjempe varmt. Lene og Alexander lo og bada saman og brydde seg ikkje om at dei andre såg på, dei hadde skjønt frå første stund at det kom til å bli dei to!
Lene var så lykkeleg, ho hadde Alex og ho hadde gjengen her og gjengen heime i Oslo. Ho var glad for at ho kom hit, og ingen andre plassar.
|