Eg heiter Mia, eg er 14 år. Nokon gonger er livet enkelt og andre gonger ikkje. Akkurat no er det ikkje enkelt. Eg skal flytte, eg skal flytte til ein heilt annan stad. Der dei ikkje snakkar mitt språk, språket mitt. Eg skal flytte til Afrika, det er langt det, lengere en det lillebror kan få fingeren opp i nasen, enda det er langt. Eg vil ikkje flytte. Ikkje berre på grunn av språket mitt, men også på grunn av vennene mine og resten av slekta. Eg vil savne alle saman, til og med Bernt, han som har erta meg kvar dag sidan fyrste klasse. Men den eg vil savne mest er Heidi, ho er den beste vennen i heile verda. Eg er veldig glad i ho.
No dreg vi. Eg sitt på flyet saman med mamma, pappa og lillebror. Eg er sur. Eg tek opp albumet og ser på bilda, eg ser på meg sjølv og Heidi. Vi sitt i badebassenget mitt i den store fine hagen vår, vi er fem år. Når eg tenker etter så har eg og Heidi vore venner bestandig. Ivertfall sidan vi var to, da Heidi og familien hennar flytta hit. Det kjem nokre tårer når eg ser på bilda, og eg tenker at e kjem til å savne ho.
No er v framme ved huset vi skal bu i. Eller det er ikkje noko hus, det er ei lite hytte laga av høy. Ja du høyrde rett, av høy. Det er seint då eg legg meg. Til og med madrassen er av høy. Æsj. Det tek ei stund før eg sovner, men sakte og sikkert tek drøymane meg. Eg drøymer at eg og Heidi er på stranda og badar, sola skinn og det er skyfri himmel. Her er livet berre enkelt, ingenting er som her.
No har eg budd her i tre månadar og ingenting har forandra seg. Eg hatar denne staden. Det er heilt grusomt her, synes eg. Mamma og pappa maser om kor fint det er å bu her, men eg skjønner ikkje kva som er så fint med det her. Eg lengtar så fryktelig heim.
I natt vaknar eg av eit hyl, det er mamma. Ho ropar att det er en slange i senga hennar og eg sprett opp. Slangen er stor og tjukk, og veldig giftig. Pappa slår og veivar med ein kjepp, men da bit slangen tak i leggen til pappa. Pappa hyler og dett på golvet. Eg ser slagen slepe seg ut or eit hol i veggen. Vi flyg bort til pappa, han har besvimt, og er litt blå i ansiktet. Eg blir redd, veldig redd. Mamma seier at eg må springe etter doktor, og eg tek på meg sandalane og spring ut døra. Eg spring, eg spring til eg har blodsmak i munnen. Og endeleg ser eg huset til doktoren. Heldigvis har eg den lille ordboka rundt halsen, den som mamma ber meg bruke heile tida. Så eg får forklart doktoren kva som har skjedd. Eg spring attende, vi spring attende, velsig fort mot huset vårt. Pappa er fortsatt bevisstlaus når vi kjem. Lillebror sitt på fanget til mamma, han gret og er redd, for han skjønner ingenting, han er jo berre tre år. Doktoren seier at pappa er veldig sjuk og at han må på sjukehus. Men det er ikkje tid, for pappa har svak puls. Doktoren tek pulsen kvart femte minutt, men i dette femte minuttet vi er inne i no så slår ikkje hjartet til pappa meir. Eg innsjår kva som har skjedd, pappa er dau. Eg kjenner tårene sile nedover kjakene mine. Og eg høyrer at mamma også gret. Alt skjedde så veldig fort.
I dag er det tre dagar sidan pappa døydde og vi skal reise heim. Mamma bestemte at ho ville begrave pappa heime. Eg blir veldig glad for å komme heim, og det første smilet etter at pappa døydde legg seg over ansiktet mitt.
No sitt vi på flyet, eg skal heim, heim til Heidi, bestemor, bestefar og alle dei andre. Og ikkje minst heim til språket mitt! |