Mat - Drikke
 
Web www.norgeonline.info
Hjem  |   Om Oss   |   Kontakt oss   |   FAQ  |   Annonse  |   Bildesøk

 

Burhøner

 

 

Burhoner - Av Ida Pria Reite

Det var her ein dag eg sat og åt egg, og mens eg sat der så kom eg til å
tenkje på korleis burhøner kanskje må har det; hundrevis av kaklande høns
som bur tett i tett saman. Hadde eg våre ei av desse burhønene hadde eg
kanskje tenkt slik:

Vi burhøner har ikkje mykje privatliv at det er noko å skryte av. Det er
umogleg å ha privatliv når ein bur så tett i lag. Hundrevis av høner tett i
tett som i ein stim. Berre det å skulle snu seg krev at alle snur seg likt
elles vert det reine trafikkaoset i heimen.

Dagleg er vi hundrevis av høner til "bords". Og når vi legg egg er det ein
reell fare for at vi kan kome til å legge egga våre i andre sitt reir. Berre
tenk på kor mange eg må ligge saman med. Under slike forhold må det verte
mykje kakling og bråk. Når alle vil ha eit klukk med ilaget er det ikkje
mogleg for ei lita hønsehjerne som mi å tenkje klart.

Tenk berre på korleis det er for oss burhøner å få stelt seg. Tenk på kor
lett det er å kome bort i sidehøna når ein vil stelle fjøra si; ein kan lett
kome til å nappe fjøra av naboen i den tru at det er eins eiga fjør ein
nappar. Og det er vel ikkje til å unngå at det kan verte både ein og to
"chick-fightar" ut av heile greia. Sjølv ein hanekamp går roleg føre seg i
forhold.

Og maten, kva kan eg seie om han? Kvar dag får vi servert fuglemat som det
smakar lite eller ingenting av. Og som regel trakkar vi rundt i salaten
kvar gong vi et. Korleis ville menneske likt om nokon kom og plasserte
føtene i matfatet deira. Vi har ikkje alltid så reine på føter, vi heller.
Det hender at vi må gjere frå oss vi òg, og kvar gjer vi det.?

Som tidlegare nemnt er det ikkje berre berre å få lagt egg. Vi kan risikere
at vi legg egga våre i andre sine reir, men som regel finn vi ikkje att dei
egga vi produserer. Trur de at vi ikkje veit kva som skjer med egga våre,
hæ?
Vi har då så mykje hjerne at vi veit at det er de, menneska, som tek dei,
men det vi ikkje skjøner er kvifor de tek dei. Kan de ikkje leggje egga
dykkar sjølve?

Og så ville eg nemne dette med søvn! Det er reint umogleg å få sove under
slike forhold som vi lever under. Det er for eksempel ikkje mogleg å få lagt
seg ned, for då vert ein berre trakka på av sidehøna. Vi må stå og sove, og
skal vi snu oss i søvne må det gjerast samstundes med alle dei andre hønene.
Klar over kva det vil gjere med ryggane våre? For ikkje å snakke om føtene!

Og eit anna viktig punkt er korleis ein kan verte kjent med ein hane eller
to. Korleis trur menneska det er å leve saman med høner av same slag døgnet
rundt?

Slik sat eg og filosoferte over korleis livet til ei burhøne kunne opplevast
frå innsida, medan eg åt egget mitt. Og eg kom fram til at mitt liv som
menneske ikkje er så verst.
Og skulle eg no verte gjenfødt som høne i mitt neste liv så vil eg vere
frittgåande!

Send oss en epost hvis du ønsker å kommentere teksten på denne siden.Send kommentaren til post@norgeonline.info. Dine kommentarer vil bli postet på denne siden.


 

 


©2006 norgeonline.info | NorgeOnline.info - Alternativ Internett Søkemotor | kontakt: post @norgeonline.info


reise 1 2 3 4 5 6 7 8 | bryllup 1 2 3 4 5 6 7 | bil 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | blomst 1 2 | lån 1 2 3 4 5 6 7 | musikk 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | juveler 1 2 3 4 5 6 7| bilder 1 2 | byer 1 2 |
Privacy policy
| | | | | | | | | | | |
| | | | | | | | |