Mat - Drikke
 
Web www.norgeonline.info
Hjem  |   Om Oss   |   Kontakt oss   |   FAQ  |   Annonse  |   Bildesøk

 

Nødvendig Med Mobil

 

 

Nødvendig Med Mobil - Av Mari Aarflot

Eg veit at nesten alle i klassa mi har mobiltelefon. I samfunnet i dag er dette normalt. Tenåringar er kjend for å bruke mobil døgnet rundt. Det mest populære no for tida er mobil med kamera, video, bluetooth og mp3. Mange foreldre er positive til mobilbruken, men det finst grenser for kor mykje pengar ein skal bruke på ein telefon.

PÃ¥ skulen min er det reglar for mobilbruk. Mobilane skal ikkje visast eller brukast i skuletida.
I klassa mi sit mange å skriv tekstmeldingar i timane. Dei held berre telefonen under pulten eller bak ei bok. Dette kan vere veldig stressande for lærarane. Som følgje av mobilbruken kan lærarane ta mobilen frå elevane. Elevane får ikkje igjen mobilen før skuledagen er over. Er dette rettferdig? Eg meiner at det mest rettferdige kunne vere å ta den for resten av timen.

Eg fekk mobil når eg var tolv år. Dette var ein vanleg mobil, som eg for det meste berre brukte i fritida. Den hadde ikkje kamera eller internettilgang, som mange telefonar har i dag. Det var ikkje mange i klassa mi som hadde mobilar når eg fekk, men mange ville ha. Når eg tenkjer tilbake, hadde eg eigentleg ikkje bruk for ein telefon. Eit år seinare hadde nesten halve klassa mobil. Eg vart sjølvsagt sjalu fordi dei fekk betre telefonar enn meg. Slike situasjonar kan føre til mobilpress. Foreldre blir tvungne til å kjøpe nye mobilar til barna slik at dei skal bli aksepterte i gjengen. Eg fekk ikkje ny mobil, men ville svært gjerne ha.

Når eg tenkjer tre år tilbake var mobilane ganske store i forhold til det dei er no. Svært få mobilar hadde kamera, mp3, internett eller bluetooth. Dei hadde berre nokre spel. Mobilane i dag er mykje meir moderne. Det er vanskeleg å kjøpe ein mobil utan kamera. Nye mobilar er veldig små med alt som trengst i kvardagen. Dersom du går deg bort i mørket har nokre mobilar lommelykt. Eg synest ikkje at dette er nødvendig.

Eg meiner at foreldre ikkje skal kjøpe mobil til barna før dei er minst ti år. Eg ser førsteklassingar som går rundt med nye mobilar. Det er ikkje bra for dei å ha mobilar som leiketøy. Dei skal vere aktive og vere saman med venane sine i staden for å sitte med mobilen. I ei avis stod det at barn blir flinkare til å lese og skrive dersom dei har ein mobil. Eg meiner at det beste er å lese mykje bøker til dei når dei er små. Det finst ingen rette svar når det gjeld dette temaet. Foreldra må sjølv finne ut når ungane er klare til å få ein mobil.

Besteforeldra mine har akkurat fått seg mobil, men brukar den ikkje så mykje. I staden for å skrive tekstmeldingar, ringer dei. Sjølv om dei veit at det er dyrare. Gamle folk lev i fortida. Dei fleste kjøper ikkje nye, moderne telefonar. Dei held seg til det gamle. Er det ikkje på tide at dei eldre kjem inn i notida?

Tenåringsjenter bruker mobil heile tida. Pengebruken er svært stor blant ein del jenter. Kvar einaste ting som skjer, blir rapportert til alle venane. Det er meir press blant jenter å ha fine, moderne mobilar. Dei fleste gutar bryr seg ikkje, berre den gamle verkar. Dette gjeld eigentleg med det meste.

Moderne mobbing er ei sak som mange ungdommar blir utsett for. Mobbinga skjer både på skulen og i fritida. Den moderne mobbinga går ut på å mobbe andre ved hjelp av moderne teknologi som for eksempel mobiltelefon. I ein kroppsøvingstime tok ei veninne av meg bilete av andre med mobilen sin. Dersom ho hadde lagt bileta på ei internettside, kunne det taklast som moderne mobbing. Eg har høyrt at nokon i heimbygda mi gjer noko liknande. Eg klarer ikkje å forstå at nokon gjere noko slikt mot andre. Det er heilt forferdeleg.. Kan vi unngå slike situasjonar i framtida?

I kvardagen er det ganske greitt å ha ein telefon som kan hjelpe deg, men er det verdt det? Kan det lønne seg å slutte å selje mobiltelefonar? Hadde det vore betre om mobilen aldri hadde blitt funnen opp?

Send oss en epost hvis du ønsker å kommentere teksten på denne siden.Send kommentaren til post@norgeonline.info. Dine kommentarer vil bli postet på denne siden.


 

 


©2006 norgeonline.info | NorgeOnline.info - Alternativ Internett Søkemotor | kontakt: post @norgeonline.info


reise 1 2 3 4 5 6 7 8 | bryllup 1 2 3 4 5 6 7 | bil 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | blomst 1 2 | lån 1 2 3 4 5 6 7 | musikk 1 2 3 4 5 6 7 8 9 | juveler 1 2 3 4 5 6 7| bilder 1 2 | byer 1 2 |
Privacy policy
| | | | | | | | | | | |
| | | | | | | | |