Tigeren er eit rovdyr og er det største kattedyret i verda. Ordet tiger kom frå det europeiske språket til persisk.
Tigeren er lett å kjenne igjen på grunn av at han har striper og er ganske stor.
Ein han tiger kan vege opptil 325 kg og vere 330 cm lang. Men ho tigeren er mindre og kan vege opptil 100-167 kg.
Dei er som regel guloransje i grunnfargen. Grunnfargen kan variere, han kan vere kvit, gyllengul, ei blanding av svak raud og oransje farge og til og med vere svart. Men det finst også noko som blir kalla ”snøtigarar”, dei er heilt kvite og noen har svake svarte striper.
Tigeren er eit stort dyr med mykje musklar, kraftige lemmar og store labbar. Klørne til tigeren kan vere opptil 12 cm, men det kjem litt ann på storleiken på tigeren. Baklemmane til tigeren er lengre ann framlemmane, det er difor det kan hoppe så langt å springe så fort. Ein tiger kan hoppe opptil 10 meter.
Hovudet til tigeren er ganske rundt i forma. Synet til tigeren er også som på ei fleste andre kattedyr, dei har eit belegg i auga som gjer til at han kan sjå betre i mørket. Det er rekna ut at tigeren kan sjå opptil 6 gonger betre enn ein menneske.
Tigeren har digre kjevar, vaksne tigarar har 30 tenner og hjørnetennene kan bli 5,5 – 6,6 cm lange.
Det lev tigarar i både tropiske regnskogar, tempererte lauvskogar og boreale barskogar dekka av snø. Men tigeren trivst best når skogen ikkje er så tett. Tigrar er svært gode til å symje og dei trivs godt i vatn, spesielt på varme dagar.
Vanlegvis et tigeren dei store rovdyra, men eigentleg tar dei det dei finn. Tigeren er ein typisk snikjeger, han kryp då stilt og forsiktig så nærme byttet som han klarer. Når byttet er heilt uførbredt hoppar tigeren til. Han brukar kroppsvekta of farta til å få tak i byttet, deretter drep han det med dei kraftige kjevane og tigeren får seg ein god middag.
Utanom i paringstida så lev tigeren åleine. Hotigeren går drektig i om lag 103 dagar før ho fødar. I eitt kull er det vanlegvis 2-3 ungar, når ungane blir fødde veg dei om lag 1-2 kg, dei vert fødde blinde og med øyrene lukka. Når tigerungane blir om lag 1-2 veker gamle blir både auga og øyrene lukka opp. Tigermora diar ungane til dei er 5-6 månader gamle, men dei startar å ete kjøt allereie når dei er 6-8 veker gamle. Tigerungane er hos mora til dei er om lag 18 månader, på ei 18 månadane lærer ho dei å jakte slik at når dei ikkje er hos mora meir, klarar dei seg sjølv.
I dag finst det berre om lag 7000 ville tigrar i heile verda, men det er også noen tigrar som lev i fangeskap. Men i dag er tigeren truga, det er fordi menneske øydelegg leveområde til tigrane og dei blir forgifta. Men dei blir også fanga eller skotne av menneske. Dei vil tene seg rike på det flotte skinnet og beina til tigeren. Av beina blir det laga tradisjonell austleg medisin og tigervin og det blir produsera om lag 100 000 flasker av det i året! Tidlegar var det også noko som heitte Tigerbalsam som var i beina til tigeren. Desse produksjonane svarer til at det døyr om lag 100 tigrar i året.
|